La Boheme

 



"La Boheme" av Puccini i oktober-2000 vart Opera Nordfjord si største satsing hittil, med 8 utselde hus, stor begeistring blant publikum og aktørar og, ikkje minst, eit kjempeløft for dugnadsapparatet.

 

Det er ei bragd for vår lille kommune og for Nordfjordsamfunnet å gjennomføre ein slik stor-produksjon, med såpass avgrensa midlar. Igjen har vi vist at ein kan få til storstilt kulturutveksling og -formidling når ein samlar alle gode krefter! Samhaldet og dugnadsånda har vore fantastisk, og alle har inspirert kvarandre til maksimal innsats for å nå målet vårt. Vi kjenner alle eit felles eigartilhøve til Opera Nordfjord og eit felles ansvar for å skape gode opplevingar for kvarandre og for publikum.

 

Velkjend operaregissør frå USA, Jay Lesenger, var ansvarleg for den strålande regien i La Boheme og var eit gledeleg møte for både amatørar og profesjonelle. Med si høgst profesjonelle tilnærming og med ei utruleg evne til å begeistre og engasjere alle, overgjekk alle seg sjølv! Kompromisslaus når det galdt kunstnerisk kvalitet og uttrykk, men svært imøtekomande for konstruktive og praktiske løysingar, oppnådde han ein eineståande innsats og stor kreativitet med scenearbeidet. Vi ønskjer han tilbake til nytt samarbeid med Opera Nordfjord i nær framtid!

 

Michael Pavelich hadde i år ansvar både for både korinnstudering, sceneprøver med solistane, musikalsk innstudering og leiing av alle forestillingane og hadde ein flott debut som operadirigent.

 

Orkesteret var samansett av distriktsmusikarar, musikkstudentar og lærarar frå fylket, samt andre musikarar frå Sunnmøre, Trondheim, Oslo, Bergen, Stavanger og Fredrikstad.

 

Solistrollene vart tolka av følgjande songarar:

Helga Botn, Mimi
Thomas Ruud, Rodolfo
Kristian Anderssen, Marcello
Kari Postma, Musetta
Tor Kessel, Schaunard
Knut Stiklestad, Colline
Anders Vangen, Benoit/Alcindoro

Koret var samansett av songarar frå heile Nordfjord-regionen, med medlemmar både frå Måløy, Hornindal, Stryn, Gloppen, Eid og Volda.

 

Kostymene er ei historie for seg; vi var så heldige å får kjøpe ein komplett kostymeproduksjon frå Stockholmsoperaen, med Adele Anggård som designar.

 

Innan kostymer, hår/sminke, scenogreafi og lys fekk vi profesjonell hjelp frå desse: Anne Gotaas, kostymer, Kati Sjøgren, hår/sminke, Peter Harrison, scenografi og Svein Roald Knudsen, lys.

 

I tillegg til dei vaksne hadde vi i år med eit barnekor, med 14 songarar i alderen 9-13 år: 13 frå Eid kommune og ei frå Gloppen kommune. Dei gjorde alle ein framifrå innsats både som songarar og som skodespelarar og bidrog til eit spennande og underhaldande scenebilete i 2. akt.

 

Koret er framleis ein berande miljøfaktor under produksjonen og set sitt lette og uanstrengte preg på produksjonsperioden, saman med alle dei andre frivillige. Songarane har fått mykje ros for godt arbeid frå dei profesjonelle songarane og har all grunn til å ta rosen til seg, saman med dirigent Michael Pavelich.

 

 

I løpet av tre aktive år med operaproduksjon på Nordfjordeid har Opera Nordfjord fått ei særstilling blant kulturforetak i Nordfjord. Vår aktivitet held fram med å samle, inspirere, motivere og begeistre store og små, unge og gamle, både på scene og i sal. Vi har funne ein aktivitet der så mange talent kan få utfalde seg i så mange retningar. Gjennom La Boheme kom vi enda nærmare kvarandre, vi opplevde endå sterkare kjensler og stor glede over god kunst og, ikkje minst, vi gjorde dette mogeleg, med våre små og store evner sameina i felles innsats.

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »