Elskovsdrikken

 



I tida 12.10.-21.10.2001 hadde Opera Nordfjord 8 framsyningar av Elskovsdrikken av Donizetti i Aulaen ved Fjordane Folkehøgskule, Nordfjordeid. Ca. 3000 publikumarar fekk oppleve opera på si lokale scene, som i høve Elskovsdrikken var forvandla til ein sjarmerande landsby med eit yrande handverkarliv.

 

Ronald Rørvik var regissør og scenograf og gjorde ein imponerande innsats i arbeidet med dei lokale amatørane, som fekk glitre på si heimescene! Scenografien var særs vellukka, då Rørvik nytta eit og same scenebilete heile operaen igjennom, med enkle og fikse endringar frå scene til scene.

 

Musikalsk leiing var ved Michael Pavelich, som og hadde ansvar for innstuderinga av koret, som held eit imponerande nivå! Orkesteret fekk mykje skryt som "det beste til no"!

Toni Herlofson var regiassistent og koreograf og hadde sikker hand om begge arbeidsområda.

 

Nytt av året var inspisient på "heiltid", Marit Osnes Aambø, som hadde god kontroll bak scena.

 

 

Solistane var: Nils Harald Sødahl - Nemorino, Cecilia Lindwall - Adina, Anders Vangen - Dulcamara, Espen Langvik, Belcore og Synnøve Nordvik, Giannetta.

 

Av andre profesjonelle fagfolk hadde vi engasjert Anne Gotaas - kostymer, Kati Sjøgren - sminke/hår, Svein Roald Knudsen - lys.

 

Operakoret var samansett av amatørar frå heile Nordfjordregionen, frå Måløy i vest til Hornindal i aust, 32 vaksne og 10 barn. I tillegg hadde vi med 4 dansarar frå dansegruppa ved Kulturskulen i Eid.

 

 

Orkesteret var samansett av distriktsmusikarar og musikkskulelærarar frå fylket og frilansmusikarar frå frilansmarknaden elles.

 

I alt har Opera Nordfjord 140-150 frivillige medarbeidarar, som vari aktivitet i veker og månader for å få operaen sceneklar. Vi er avhengige av eit omfattande dugnadsapparat både for å halde kostnadene nede og for å greie å leggje til rette for alle dei arbeidsgruppene som er i aksjon. Ikkje minst er dei frivillige heilt avgjerande for å skape lokal tilknyting til operaen og eit sterkt og lojalt eigartilhøve til Opera Nordfjord. Dette skaper ei stadig veksande interesse for opera i distriktet vårt, då kvar einaste frivillig drar med seg sitt nettverk av familie, vener og kollegaer som eit trufast publikum

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »