Operagallaturné 2003

 

Opera Nordfjord gjennomførte sin 2. operagallaturne i dagane 25., 26. og 27. april med konsertar i Sogndal, Florø og Loen (Hotell Alexandra). Turneen vart ein stor kunstnarisk suksess, men diverre svikta publikum i Nordfjord den siste konserten, slik at det økonomiske resultatet vart eit underskot på ca 50.000-kroner. Årsakene til at heimepublikummet ikkje møtte opp, var fleire, m.a. at konserten kolliderte med andre kulturarrangement i området.

 

Underskotet til sides, for dei som møtte opp, vart konsertane ei flott musikalsk oppleving, med eit svært variert program. Vi fekk høyre både kjende solistariar, duettar og ensembler, i tillegg til flotte orkesterutdrag frå operalitteraturen. Orkesteret var samansett av 37 musikarar, dei fleste heimehøyrande i fylket og resten innleigde frå frilansmarknaden.

 

Solistane imponerte stort, og Opera Nordfjord var glade over å kunne presentere to nye solistar for vårt publikum: Trine Øien, mezzo-sopran og Jørgen Talle, tenor. Sopranen var ein kjend yndling for Opera Nordfjord, Cecilia Lindwall, som hadde hovudrolla Adina i ”Elskovsdrikken” i 2001.

 

Vi valde å ikkje ha med kor dette året, ikkje fordi vi ikkje ønskte det, men fordi det vart for kort tid til innøving. Opera Nordfjord ønskjer å komme i ein økonomisk situasjon, der vi har fridom til å planleggje 1-1,5 år fram i tid. Slik det er no, må vi vente  med å ta ei avgjerd til etter at rekneskapen til hovudproduksjonen i oktober ligg føre, dvs. kring nyttår. Då vert det for kort tid til planlegging, marknadsføring, hyring av solistar og innøving. Trass i slike tilhøve, har vi greidd å gjennomføre to svært vellukka turnear, men vi ønskjer i framtida å planleggje desse turneane på lengre sikt.

 

Ein slik turne gjev Opera Nordfjord eit fint høve til å reise rundt i fylket og presentere operakunsten og gjere han meir tilgjengeleg for alle. Oppsøkjande verksemd i operaens teneste! Turneane er og god marknadsføring mot hovudproduksjonen i oktober; vi opplever at stadig nye publikummarar finn vegen til Nordfjordeid i operavekene.

 

Opera Nordfjord vonar at operagallaturneane i vårhalvåret er komne for å bli, og at dei skal fortsetje å vere eit attraktivt og spennande supplement til operaproduksjonane i mange år framover.

 

Nordfjordeid, 28.11.03

 

Kari Standal Pavelich
operasjef

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »