Eugen Onegin Alexander Sergeyevich Pushkin sitt dikt i åtte …….., Eugen Onegin, vart skrive i 1823 og 1831 og har forblitt ein av dei mest populære romanane i russisk litteratur. Den handlar om ei ung jente på landet som får draumane og dei romantiske ideala sine knuste av ein mann som har fornekta sine eigne kjensler.
Ideen om å gjere Pushkin sin roman om til opera vart først føreslege for Peter Ilich Tchaikovsky i 1877 av Elizavet Andreyevna Lavroskaya, ein ven og songar, men først slo han frå seg ideen. Etter kvart vart han tiltrukke av romanen si poetiske side, dei menneskelege kvalitetane og det enkle. Han skreiv jamvel musikken til brevarien før han hadde hørt eitt ord frå librettisten, Konstantin Shilovsky.
Det er interessant å merke seg at nokre hendingar i Tchaikovsky sitt eige liv er samanfallande med historia i Eugen Onegin. I 1877 mottok Tchaikovsky eit brev frå ein elev ved Moskva-konservatoriet, Antonina Ivanova Milyukova, om at ho var lidenskapeleg forelska i han. Tchaikovsky elska henne ikkje tilbake, men gifta seg likevel med henne seinare det same året. Han frykta kanskje å bli avslørt som homoseksuell, eller kanskje han gifta seg med henne for ikkje å svikte henne, slik Onegin svikta Tatjana. Han hadde lite til overs for Onegin si hjarteløyse. Ekteskapet vart oppløyst kort tid etter, og arbeidet med Onegin stoppa opp. Tchaikovsky prøvde å komme seg etter forsøk på å ta sitt eige liv og eit nervøst samanbrot. Etter kvart skreiv han operaen ferdig ”with music that comes from my innermost being…”.
Tchaikovsky var overtydd om at operaen aldri kom til å bli ein suksess, dersom han vart sett opp på ei profesjonell scene. Han ønskte heller at unge talent skulle sleppe til og ga verket til konservatoriet. Som resultat kan vi konstatere at Eugen Onegin hadde stor suksess med sin verdenspremiere, i en student-produksjon ved Moskva-konservatoriet 29. mars 1897.