Operagallaturné 2007

 

I dagane 28. februar – 4. mars gjennomførte Opera Nordfjord den fjerde operagalla- turnéen sidan den første i 2002. Orkestermusikarane var samla til øving onsdag, torsdag og fredag, og dei tre konsertane var på følgjande stader:

 

Fredag 2. mars: Aulaen, Fjordane Folkehøgskule, Nordfjordeid
Lørdag 3. mars: Førdehuset, Førde
Søndag 4. mars: Parken Kulturhus, Ålesund

 

Song-solistane var sopranen Elizabeth Norberg-Schulz og den italienske tenoren Luca Canonici. I tillegg var det unge fiolintalentet Madelen Berg (15) solist i ”Meditation” frå Thaiis av Massenet når ho sat i orkesteret.

 

Orkesteret på 37 musikarar var leia av dirigent Michael Pavelich og var samansett av distriktsmusikarar, frilansmusikarar, musikklærarar og unge musikktalent frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre, samt frilansmusikarar frå Norge, Sverige og Tsjekkia.

 

Ensemblet spelte stort sett for fulle hus, med i alt 1150 tilhøyrarar fordelt på 3 konsertar.

 

Solistane heldt sjølvsagt eit svært høgt nivå, og det profesjonelle orkesteret fekk særs gode tilbakemeldingar for sitt høge kunstnariske nivå. Alle konsertane fekk ei fantastisk mottaking hos publikum.

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »