I perioden 25. juni - 6. juli arrangerte Opera Nordfjord for tredje gong opera workshop for unge musikktalent, både songarar og pianistar.
Sopran Elizabeth Norberg-Schulz og pianist Sergio Oliva frå Operaen i Roma var lærarar, som året før, og i 10 dagar kunne deltakarane ta til seg lærdom frå dyktige læremeistrar. I tillegg til lange dagar med undervisning og meister-klassar fekk deltakarane tilbod om å delta på tre konsertar:
29. juni på Hotel Alexandra
1. juli i Eid Kyrkje
5. juli, stor operagalla i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule.
Michael Pavelich hadde ansvar for regi på gallakonserten, der ein presenterte over 20 scener frå operalitteraturen med kostymer, sminke og rekvisittar.
Kurset set sitt preg på nærmiljøet i Nordfjordeid sentrum og er eit kjærkome tilbod både for vårt trufaste, lokale operapublikum og for tilreisande turistar. Workshop-deltakarane er begeistra for kurset, som tilbyr eit viktig supplement for songarar og pianistar som ønskjer å spesialisere seg innan operafeltet. Ein planlegg ny workshop i same periode i 2009 med den same lærarstaben.