Tyrfing

 

Den offisielle opninga av Operahuset Nordfjord av Kyrkje- og kulturminister Trond Giske fann stad 25. april, med stor festforestilling med lokale og regionale utøvarar på scena. Helga før, 18. og 19. april, tjuvstarta Opera Nordfjord med verdspremiere på den ukjende operaen Tyrfing, som aldri hadde vore framført tidlegare.

 

Egil Hjelmeland frå Førde, ein ihuga Haarklou-entusiast, gjorde leiinga i operaen merksam på denne operaskatten, som låg godt gøymt i Nasjonalbiblioteket sine skuffer og hyller. Etter å ha fått laga ein kopi av det handskrivne orkesterpartituret, tok Michael Pavelich fatt på oppgåva med å overføre notar og ord til eit moderne noteskrivingsprogram. Styret meinte at Pavelich sitt forslag om å setje opp nettopp denne operaen som Opera Nordfjord sin første produksjon i det nye operahuset var ein god idé!

 

Operaen handlar om eit magisk sverd, Tyrfing, som har ei forbanning over seg og drep den det vert retta mot. Premieren 18. april vart ei musikkhistorisk hending, med familien Haarklou til stades saman med gjestar frå heile landet. Solistlaget var samansett av Elizabeth Norberg-Schulz, Nils-Harald Sødal, Tom Erik Lie, Ketil Hugaas, Anders Vangen og Bjørn Gisle Seter. Eit stort kor var samansett av Nordfjord Operakor og Ålesund Operakor. Operaorkesteret var utvida for å kunne stille med full besetting. Tilbakemeldinga frå eit publikum, som aldri hadde høyrt musikken før, var både overveldande og rørande, og for den nære familien vart konserten ei stor oppleving. ON er stolt over å ha fått vere med på å presentere ein ukjend, norsk musikkskatt i ein slik samanheng. Kva kunne vel passe betre som Opera Nordfjord si innviing av operahuset, enn å framføre eit verk av ein komponist frå eige fylke?

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »