I perioden 23. juni- 4. juli arrangerte ON for fjerde gong Nordfjord Internasjonale Opera Workshop med Elizabeth Norberg-Schulz som kunstnarisk leiar. Ni søkjarar, åtte frå Noreg og ein frå Italia, fekk intensiv og inspirerande undervisning i 10 dagar av Norberg-Schulz og piano- og vokal coach Sergio Oliva frå Operaen i Roma.
I løpet av desse dagane deltok songarane på tre konsertar:
Intimkonsert på Hotel Alexandra i Loen laurdag 25. juni
Meisterkonsert i Operahuset Nordfjord tysdag 28.06 saman med Norberg-Schulz
Operagallakonsert laurdag 4. juli med alle deltakarar, der første del var iscenesette utdrag frå operaen
Sour Angelica av Puccine og den andre delen var eit variert galla-program.
Sjølv om kursdeltakarane var svært nøgde og vi arrangerte tre flotte konsertar, må vi diverre konkludere med at vi ikkje fekk nok søkjarar dette året for at det kunne bere seg økonomisk. Etter fire flotte år må vi ha ei grundig evaluering og prøve å finne vår eigen nisje i konkurranse med andre aktørar i Noreg. Vi ser fram til å leggje spennande planar for ein ny, tilpassa opera workshop om eit år eller to!