Sjølv om både verdspremiere på Tyrfing og opera workshop i nytt operahus med to nye flygel til rådevelde var vel gjennomført, var det likevel operaen Carmen av Georges Bizet det var knytt største spenning til. Mange nye utfordringar venta då ein skulle ta i bruk ny sceneteknikk, med orkerstergrav, scenetårn og lysbru som etterlengta ”hjelpemiddel” i ein omfattande operaproduksjon. Etter 11 år i aulaen på Fjordane Folkehøgskule var forventingane til endeleg å flytte inn i nytt hus store. Dei vart meir enn innfridde, då vi hadde den aller første prøven i operahuset, med orkester på 44 musikarar i grava, 57 i operakoret, 25 i barnekoret, 10 solistar, 4 dansarar og 8 statistar på scena. Med perfekt balanse mellom orkestergrav og scene vart akustikken i salen godkjent med terningkast seks! Publikum kunne nyte forestillinga i komfortable stolar med god plass til dei med meir enn gjennomsnittleg beinlengd.
H.M. Dronning Sonja til Opera Nordfjord
Opera Nordfjord hadde ”spart” Carmen i mange år, heilt sidan dei første planane om nytt operahus tok form i 2003. Det vart då bestemt at Carmen skulle vere opningsforestillinga i Operahuset Nordfjord når det sto ferdig, og vi ville satse alt for at HM Dronning Sonja skulle vere til stades i salen på premierekvelden. Onsdag 7. oktober kunne Opera Nordfjord stolt ønskje vår dronning velkomen til både Opera Nordfjord og Operahuset Nordfjord. Då H.M. Dronning Sonja opna operavekene frå scenekanten, vart ein mangeårig draum til røyndom! Med dronning-vitjing i Green Room i pausen, der dei frivillige fekk helse på H.M. Dronning Sonja og med etterfølgjande flott premieremiddag på Nordfjord Hotell, kunne ikkje Opera Nordfjord ønskje ei flottare markering av og råme rundt den første operapremieren i nytt og ”eige” operahus!
Kunstnariske leiarar og solistar
Regissør for Carmen var engelske John La Bouchardiére, musikalsk leiing ved Michael Pavelich, scenografi ved John Kristian Alsaker, kostymer ved Anne Spets, lys ved Svein Roald Knudsen, og maske ved Maren Togstad. Solistlaget var samensett av følgjande songarar: Anna Einarsson (Carmen), Thomas Ruud (Don José), Ann Helen Moen (Micaëla), Trond Gudevold (Escamillo), Vibeke Kristensen (Frasquita), Siv Oda Hagerupsen (Mercedes), Kristian Krokslett (Remendado), Bård Bratlie (Dancairo), Patrik Landgren (Zuniga) og Thorbjørn Gulbrandsøy (Morales).
Med regissør-skifte så seint som i midten av august, då Jay Lesenger diverre måtte trekkje seg av personlege grunnar, var spenninga ekstra stor då La Bouchsardiére tok over. På kort tid laga han ei flott Carmen-forstilling saman med alle dei kunstnariske leiarane. Eit begeistra og fulltallig publikum tok vel imot vår Carmen kveld etter kveld.
Eid Vidaregåande Skule
Opera Nordfjord har hatt eit formelt og forpliktande samarbeid med Eid vidaregåande skule sidan 2005; Carmen var såleis den 5. produksjonen, der scenografien var ein del av dette samarbeidet. Både skule og opera er strålande nøgde med denne utvekslinga av ressursar, der ON engasjerer scenografen, og skulen sine lærarar og elevar på ”Handverk og design” byggjer kulissane saman med våre frivillige kulissemedarbeidarar. Gjennom denne avtalen får skulen arbeide tett saman med ein ny scenograf kvart år, noko som bidreg til auka kompetanse både for lærarar og elevar gjennom stadig å lære nye teknikkar. ON får nødvendig arbeidskraft gjennom villige elevar og kompetente lærarar, og skulen sin innsats har blitt avgjerande for ikkje å slite ut dei vaksne, frivillige, som tidlegare bygde alle kulissar på si fritid. No får vi ei gjensidig fordeling av arbeidsoppgåver, etter avtale med dei to arbeidsgruppene, og arbeidet vert samordna mot slutten av produksjonsperioden, når alle kullissar skal monterast på scena.