Eugen Onegin

 

FØRSTE AKT

1.SCENE. I HERTUGENS PALASS I MANTOVA
Det er fest, Hertugen fortel Borsa om ei ung, yndig jente han har lagt merke til i kyrkja. Samstundes ser han også på den unge, vakre grevinne Ceprano. Det vert spelt opp til dans, og hertugen ber grevinna opp. Mannen hennar, grev Ceprano, er sjalu, men vert  gjort til latter av hoffnarren Rigoletto.

Marullo kjem med eit nyhende: Den pukkelrygga hoffnarren har ei elskarinne, som han gøymer i huset sitt…

Hertugen er irritert over at grev Ceprano stadig følgjer etter dei. Rigoletto føresler å henrette eller vise bort greven. Ceprano overhøyrer denne samtalen, og heile hoffet sin harme vert retta mot den forhatte hoffnarren. Grev Monterone anklagar Hertugen for å ha misbrukt dottera hans. Rigoletto ber om å få svare. Hertugen gjev han lov, og Rigoletto spottar og gjer narr av Monterone sin sorg over den misbrukte dottera. Monterone sender si forbannind over både Hertugen og Rigoletto.

2. SCENE.    I GATA DER RIGOLETTO BUR
Ein høg mur skil hagen og huset frå gata utanfor. På den andre sida av gata er grev Ceprano sitt hus. Rigoletto kjem heim for å sjå til dotter si, Gilda. Han kan ikkje gløyme forbanninga frå Monterone. Leigemordaren Sparafucile kjem og tilbyr Rigoletto sine tenester. Rigoletto takkar nei, men spør kor han er å treffe. Rigoletto klagar over lagnaden, som tvingar han til å spele narr for den mektige Hertugen. Han hatar både Hertugen og hoffolka, som alltid spottar han. Saman med Gilda er han lukkeleg. Gilda kjenner verken namnet eller yrket til faren og ber om å få vite det. Han avviser det heile og gjer det klart overfor Giovanna, Gilda si tenestejente, at Gilda ikkje må forlate huset, med unntak av når ho skal i kyrkja.

Rigoletto høyrer bråk utanfor og går ut. Den forkledte Hertugen smett inn i huset, godt hjelpt av Giovanna, utan at Rigoletto merkar det. Rigoletto tek kjærleg avskil med Gilda og forlet huset. Gilda fortel Giovanna om si begeistring for den unge mannen ho har sett i kyrkja. Hertugen skjønar no at den vakre jenta er Rigoletto si dotter. Han kjem fram frå gøymestaden sin og erklærer sin kjærleik til henne. På Gilda sitt spørsmål om kven han er, seier han at han er ein fattig student, Gaultier Maldé. Dei vert forstyrra av bråk utanfor huset. Hertugen tek avskjed med Gilda. Hoffmennene samlar seg under leiing av grev Ceprano. Dei vil bortføre jenta i huset, som dei meiner er Rigoletto si elskarinne. Driven av ei uro kjem Rigoletto tilbake. Mennene innbiller han at det er grevinne Ceprano som skal bortførast, og Rigoletto vil vere med på spøken. Dei gjev han eit bind for augene i staden for maske, snurrar han rundt og forvirrar han. Deretter vert han plassert for å halde stigen, medan dei går inn i huset. Då Rigoletto høyrer Gilda sine fortvila rop om hjelp langt borte i gata, riv han av seg bindet. Han forstår kva som har skjedd og kjem i hug Monterone si forbanning.

ANDRE AKT
I palasset rasar Hertugen over at Gilda var forsvunnen då han vende tilbake til huset hennar. Han forstår at noko grusomt har skjedd. Hoffolka fortel flirande at dei har bortført ”Rigoletto si ”elskarinne” – og det med hans eigen assistanse – og ført henne til palasset. Rigoletto kjem og er besett av ein tanke: Å finne Gilda. Han forstår at ho er i palasset og at Hertugen er saman med henne. Medan han tryglar om å få vite kor dei er, kjem Gilda styrtande. Rigoletto befalar alle å forlate salen. Ingen tør å trosse han. Gilda fortel far sin kva som har skjedd og gråter sårt. Rigoletto svergjer hemn. Hertugen må dø, og han vil flykte frå Mantova med Gilda.

TREDJE AKT    
Ein mørk kveld utanfor Sparafucile si ”hytte” vil Rigoletto vise Gilda at Hertugen er troløs, og gjennom ein sprekk kan dei sjå kva som foregår på innsida. Hertugen er der inne saman med Sparafucile si søster Maddalena. Rigoletto sender Gilda heim, ber henne kle seg i guteklede og gjere seg klar til å reise til Verona.

Rigoletto avtalar med Sparafucile at han skal drepe hertugen den same kvelden. Sparafucile tek i mot oppdraget. Det vert uver, og hertugen vert verande i huset. Maddalena tek bror sin til side og overtalar han til å drepe Rigoletto i staden for den kjekke Hertugen. Han vegrar seg, men lovar til slutt at dersom det dukkar opp ein annan, kan han drepe vedkommande i staden. Gilda kjem tilbake til Sparafucile sitt hus. Ho overhøyrer dette, og vil ofre seg for ”sin elskede”. Ho bankar på døra, og vert brutalt dolka ned av Sparafucile.

Ved midnatt kjem Rigoletto for å få sekken med liket. Triumferande dreg han den med seg mot elva, men med eitt høyrer han hertugen si stemme i det fjerne. Fortvila opnar han sekken og finn si døyande dotter…

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »