Norge-Brasil, ein opera

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår tid som kan sette i gong raseri, glede, tragedie og ekstase? Jau – fotball!

Derfor valde Are Kalvø og Helge Førde ikkje berre å skrive ein opera om fotball, men om ein bestemt fotballkamp: Norge – Brasil under VM 1998 i Marseille. Då Kjetil Rekdal skåra på straffespark og Norge vann, kunne ein sikkert høyre eit rungande brøl over heile landet. Folk dansa på Karl Johan og politiet måtte be ein person som hadde klatra opp i ei flaggstong om å kome ned. Han kunne ikkje gjere greie for kvifor han hadde klatra opp i flaggstonga – mest sannsynleg var det i pur glede.

Operaen har ikkje akter, men rett og slett to omgangar der dommaren sikkert legg til litt tilleggstid. Handlinga følgjer den svært dramatiske oppbygginga i sjølve kampen. 

Undervegs blir vi betre kjende med fleire av dei sentrale spelarane, som Myggen, Flo-brørne og sjølvsagt Kjetil Rekdal. Operaen handlar ikkje berre om sjølve fotballkampen, men om alt som kan hende også utanfor bana i løpet av to gangar 45 minutt. Mange menneskje møtast tilfeldig og merkelege situasjonar oppstår.  

Musikken er inspirert av tradisjonell klassisk, akustisk opera med symfonisk besetning, i tillegg til jazz og jazzen si evne til å ta opp i seg andre musikkformer, slik som mellom anna Gershwin og Leonard Bernstein har gjort det i sine operaer. Sidan motstandaren heiter Brasil, har operaen sjølvsagt også element frå brasiliansk musikk. Det musikalske uttrykket er moderne, men tonalt og med mykje kromatikk og rytmikk.  Musikken vert svært utfordrande å spele, spesielt for tre sentrale slagverkarar. Dei største utfordringane ligg likevel hos solistane og koret, både melodisk, klangleg og ikkje minst rytmisk.

For å halde det heile i taumane har Opera Nordfjord engasjert Svein Sturla Hungnes til å regissere oppsettinga. Han er ein av landets mest erfarne regissørar og er kanskje mest kjent for si oppsetting av Peer Gynt på utescena ved Gålåvatnet.

Historisk fins det ein lang tradisjon med komisk opera. Denne tradisjonen håpar skaparane av denne operaen å føre vidare. Dei lovar mange språklege og musikalske krumspring og overraskingar.

Om det verkelig blir ein komisk opera eller ikkje, kan du bedømme sjølv, om du møter opp!

 

Billettar kjøper du på operahuset.no

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »