SAGAS

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Førdehuset Sogndal Kulturhus

SAGAS

Ei magisk reise inn i Fantasy-riket

SAGAS er utsett til 2021 pga. corona-situasjonen. Turnéen har følgjande konsertrekkefølge: Fredag 16. april: Operahuset Nordfjord, laurdag 17. april: Førdehuset, søndag 18. april: Sogndal Kulturhus. Billettane som er kjøpte gjeld for neste år. Alle billettkjøparar får melding frå sine respektive konserthus.

Endeleg er SCORE tilbake! Etter stor suksess våren 2017 med dataspelmusikk, innbyr vi til eit nytt, magisk, musikalsk eventyr når SAGAS skal på turné til Nordfjordeid, Førde og Sogndal.

Vi tek deg med på ei fortryllande reise i fantasien si verd. Temaet er filmmusikk frå fantasysjangeren, i tillegg til klassikarar frå spelverda. Vi byr på kassasuksessar som Harry Potter, Narnia, The Lord of the Rings, Conan – The Barbarian, Princess Mononoke, Carmina Burana, Skyrim, Shadow of the Colossus og sjølvsagt musikk frå den umåteleg populære TV-serien Game of Thrones.

Konferansier vert inspirerande Fantasy-ekspert Orvar Sãfström, og Sabina Zweiacker er tilbake som solist med si vakre sopranstemme.

Konsertane passar både for det kresne, klassiske konsertpublikumet, for unge og eldre gamerar og ihuga fantasytilhengarar, uansett alder. Her er det heilt trygt for besteforeldre å ta med barnebarn for å oppleve spennande og inspirert symfonisk musikk med eit 40-tals orkester og stort kor, samansett av Opera Nordfjord sitt eige operakor og musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule. Dirigent vert Michael Pavelich.

Art work used by kind permission of ZeniMax Media.

Medverkande

Dirigent: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Dirigent

Konferansier: Orvar Säfström

Orvar Säfström
Konferansier

Solist: Sabina Zweiacker

Sabina Zweiacker
Solist