Annie

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Annie

Velkomen til ein av verdas mest kjende og populære familiemusikalar

Opera Nordfjord har nettopp lagt ut billettane til ekstraframsyning på familiemusikalen Annie søndag 25. november kl. 18.00 – dei øvrige tre framsyningane 23., 24. og matiné søndag 25. er snart utselde! Øvingane er i full sving både i Operahuset Nordfjord og i Valhall, og 54 lokale songarar og dansarar øver knallhardt dei neste vekene saman med regissør Michael Pavelich og koreograf Candice Bredesen.

Distriktsoperaen kan presentere eit knallsterkt lag med unge musikalstjerner: Annie vert tolka av Sol Alme Brendefur frå Hornindal, og med seg har ho Tuva Nyhammer-Taklo frå Eid som Duffy, Åsaliv Røgeberg frå Gloppen som Pepper, Ane Fitje Woxen frå Gloppen som Tessie, Elsa Bredesen frå Eid som July, Maja Kvalsvik Haugen frå Gloppen som Kate og Solvei Kayser Husbyn frå Gloppen som vesle Molly.

Dei andre 11 barneheimsjentene som er plukka ut kjem frå heile Nordfjord. I tillegg kjem eit omfattande solistlag av vaksne aktørar som fyller den lange rollelista. Michael Pavelich, kunstnarisk og musikalsk leiar i Opera Nordfjord gjer comeback på scena, no i rolla som Oliver Warbucks, medan skodespelar Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal spelar den ondsinna Miss Hannigan. Distriksmusikar Ann-Margrit Silfverhielm frå Gloppen tolkar rolla som Grace, den elskverdige sekretæren til Warbucks. Ingrid Tykhelle Kayser og Simon Standal Pavelich spelar det tvilsomme paret Lily og Rooster, som utgir seg for å vere foreldra til Annie, for å vinne den solide dusøren som er utlova. Håvard Furnes frå Giske spelar den entusiastiske radioverten Bert Hely. 

Annie er omsett til nynorsk av Jostein Avdem Fretland og vert den fjerde familieframsyninga til Opera Nordfjord. Balletten Nøtteknekkaren, musikalane The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown er tidlegare produksjonar for heile familien. Orkesteret på 17 musikarar er samansett av musikarar frå Eid, Gloppen og Førde. 

Foto: Fotografen Eide

Medverkande

i rolla som: Sol Alme Brenfur

Sol Alme Brenfur
i rolla som
Annie

i rolla som: Tuva Nyhammer-Taklo

Tuva Nyhammer-Taklo
i rolla som
Duffy

i rolla som: Åsaliv Røgeberg

Åsaliv Røgeberg
i rolla som
Pepper

i rolla som: Ane Fitje Woxen

Ane Fitje Woxen
i rolla som
Tessie

i rolla som: Elsa Bredesen

Elsa Bredesen
i rolla som
July

i rolla som: Maja Kvalsvik Haugen

Maja Kvalsvik Haugen
i rolla som
Kate

i rolla som: Solvei Kayser Husbyn

Solvei Kayser Husbyn
i rolla som
Molly

i rolla som: Torunn Lødemel Stokkeland

Torunn Lødemel Stokkeland
i rolla som
Miss Hannigan

i rolla som: Simon Pavelich

Simon Pavelich
i rolla som
Rooster

i rolla som: Ingrid Tykhelle Kayser

Ingrid Tykhelle Kayser
i rolla som
Lily

i rolla som: Michael Pavelich

Michael Pavelich
i rolla som
Oliver Warbucks

Koreograf: Candice Bredesen

Candice Bredesen
Koreograf

Lysdesignar: Ovar Holmen

Ovar Holmen
Lysdesignar

Nynorsk omsetting: Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem Fretland
Nynorsk omsetting

med fleire