Jorden rundt på 80 dager

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Jorden rundt på 80 dager

Kor mange operaer passar inn i éin musikal?

Den kjende og populære romanen Jorden rundt på 80 dager av Jules Verne er sjølvsagt grunnlaget for musikalen med same namn, som  skal ha norgespremiere i Operahuset Nordfjord 29. september 2021.

Solistlaget er endeleg klart: Magnus Dorholt Kjeldal, Eli Kristin Hanssveen, Thomas Ruud, Ann-Helen Moen, Beate Mordal, Jan Erik Fillan, Camilla Stenhoff Vist og Trond Gudevold skal ta publikum med på ei fantastisk reise rundt jorda, der det meste kan skje! Det kunstnariske teamet er allereie i gong med dei første produksjonsmøta for å sørge for at forestillinga vert ein fryd for både auge og øyre: Regissør Ronald Rørvik, dirigent Michael Pavelich, koreograf og regiassistent Toni Herlofson, scenograf Plamena Dicheva, lysmeister Ovar Holmen og rekvisitør Anndi Bergset har ei stor oppgåve i året som kjem, der dei kunstnariske idéane skal settast ut i livet med god hjelp av eit stort dugnadsapparat, operakoret og lærarar og elevar ved Eid vidaregåande skule.

For å komme i stemning og førebu publikum på kva som er i vente, kan vi allereie no røpe litt av historia: Den engelske gentlemannen Phileas Fogg inngår eit veddemål med konkurrenten Stuart: Han hevdar å vere i stand til å reise jorda rundt på utrulege 80 dagar! Saman med sin franske tenar Passepartout legg Fogg ut på reisa, medan detektiven Fionula Fix, engasjert av Stuart, følgjer etter for å skape problem for dei. Men det er ikkje berre Fionula som trugar Fogg sin nøye uttenkte tidsplan. I Paris hamnar han i duell for Den glade enke Hanna Glawari, i Roma fell Tosca i armane hans etter å ha hoppa frå Castel Sant'Angelo, i Suez blir han forført av Salome, i Beijing vil Prinsesse Turandot få han halshogd, i San Fransisco blir det masseslagsmål i saloonen til Minne i La Fanciulla del West, og på veg over Atlanteren vil den Flyvende Hollender konkurrere om Fionula sin kjærleik..

Operaen Jorden rundt på 80 dager vart uroppført  på Den Norske Opera i 2010. Denne versjonen er ein ny, revidert musikalversjon, som hadde urpremiere på Landestheater Linz i Østerrike i 2016. Den vann fleire prisar, både den tyske og østerrikske musikkteaterprisen, mellom anna Beste Musikal begge stader.

Dette er ei reise, ikkje berre jorda rundt, men også operaverda rundt. Velkomen til ein fargerik og forrykande musikal for både musikal- og operaelskarar....og alle andre!

Medverkande

Regissør: Ronald Rørvik

Ronald Rørvik
Regissør

Dirigent: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Dirigent

Scenograf: Plamena Dicheva

Plamena Dicheva
Scenograf

Kostymedesignar: Anne Gotaas

Anne Gotaas
Kostymedesignar

Lysdesignar: Ovar Holmen

Ovar Holmen
Lysdesignar

Koreograf/Regiassistent: Toni Herlofson

Toni Herlofson
Koreograf/Regiassistent

Rekvisitør: Anndi Bergset

Anndi Bergset
Rekvisitør

Inspisient: Sofia Berg

Sofia Berg
Inspisient

i rolla som: Magnus Dorholt Kjeldal

Magnus Dorholt Kjeldal
i rolla som
Philleas Fogg

i rolla som: Eli Kristin Hanssveen

Eli Kristin Hanssveen
i rolla som
Fionula

i rolla som: Thomas Ruud

Thomas Ruud
i rolla som
Passepartout

i rolla som: Ann-Helen Moen

Ann-Helen Moen
i rolla som
Diva

i rolla som: Beate Mordal

Beate Mordal
i rolla som
Judy

i rolla som: Jan Erik Fillan

Jan Erik Fillan
i rolla som
Punch

i rolla som: Camilla Stenhoff Vist

Camilla Stenhoff Vist
i rolla som
Aoda

i rollene som: Trond Gudevold

Trond Gudevold
i rollene som
Stuart/Hollenderen