Mannen frå La Mancha

Kjøp billett

Den Norske Opera & Ballett Den Norske Opera & Ballett Den Norske Opera & Ballett Den Norske Opera & Ballett

Mannen frå La Mancha

Opera Nordfjord med Broadway-stemning på Scene 2 i Bjørvika

I 2013 var Opera Nordfjord på gjestespel på Scene 2 med Tryllefløyten, ei minnerik oppleving for livet for alle medverkande. I juni skal Opera Nordfjord igjen pakke ned kulissar, rekvisittar og kostyme og ta turen over fjellet frå vest til aust, denne gongen for å gje liv til Mannen frå La Mancha (The Man of La Mancha), ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetting ved Hartvig Kiran. Musikalen er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans roman Don Quixote, som kom ut mellom 1605 og 1615. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan dei ventar på ei høyring i fengselet under Den spanske inkvisisjonen.

Opera Nordfjord gjorde stor suksess med musikalen i Operahuset Nordfjord hausten 2020 og ser fram til å vise fram denne rørande og inspirerande fortellinga om ein som var annleis enn alle rundt seg, og som torde å vere den han var og leve etter draumen han bar på i hjartet sitt, som han var tru mot til det siste. Produksjonen vert til eit tett  samarbeid med Den Norske Opera & Ballett ved operasjef Randi Stene, som generøst har stilt sitt dyktige tekniske team til rådevelde for distriktsoperaen frå Nordfjordeid. 

Regien er ved Aksel-Otto Bull, musikalsk leiing ved Michael Pavelich, scenografi og kostyme ved Åse Hegrenes og lys ved Arne Kambestad. Candice Bredesen har koreografi, Maren Togstad har ansvar for maske, Anndi Bergset er rekvisitør og Anne Gotaas er tilskjerar og produksjonsansvarleg for kostymene.

I hovudrollene møter vi Espen Langvik som Cervantes/Don Quixote, Eli Kristin Hanssveen som Aldonza/Dulcinea, Jan Erik Fillan som Sancho Panza. I øvrige roller finn vi Trond Gudevold, Erlend Tvinnereim, Eirik Risholm Velle, Eivind Kandal, Elisabeth Gimmestad, Simon Standal Pavelich, Asbjørn Hagen, Rønnaug Torheim, Paul Jacob Helgesen, Bård Stian Dalseth og Håvard Furnes.

Bli med på den både tragiske og morosame, men aller mest gripande reisa til Don Quixote og hans «fåfengde draum» - The Impossible dream.  NB! Husk lommetørkle!

Framsyningar: 12.-14. juni.

LES PROGRAMHEFTE

MAN OF LA MANCHA is presented by arrangement with Concord Theatricals Ltd. on behalf of Tams-Witmark LLC. -www.concordtheatricals.co.uk and Nordiska ApS - www.nordiska.dk

Medverkande

Musikalsk leiar: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Musikalsk leiar

Regissør: Aksel-Otto Bull

Aksel-Otto Bull
Regissør

Scenograf/Kostymedesign: Åse Hegrenes

Åse Hegrenes
Scenograf/Kostymedesign

Lysdesignar: Arne Kambestad

Arne Kambestad
Lysdesignar

Koreograf: Candice Bredesen

Candice Bredesen
Koreograf

i rolla som: Espen Langvik

Espen Langvik
i rolla som
Don Quixote

i rolla som: Jan Erik Fillan

Jan Erik Fillan
i rolla som
Sancho Panza

i rolla som: Eli Kristin Hanssveen

Eli Kristin Hanssveen
i rolla som
Aldonza

i rolla som: Trond Gudevold

Trond Gudevold
i rolla som
Vertshushaldaren

i rolla som: Erlend Tvinnereim

Erlend Tvinnereim
i rolla som
El Padre

i rolla som: Eirik Risholm Velle

Eirik Risholm Velle
i rolla som
Dr. Carrasco

i rollene som: Eivind Kandal

Eivind Kandal
i rollene som
Barberen/song i prolog/spegelriddarsvein

i rollene som: Elisabeth Gimmestad

Elisabeth Gimmestad
i rollene som
Antonia/Fermina

i rollene som: Simon Standal Pavelich

Simon Standal Pavelich
i rollene som
Pedro/hest/gitarist

i rollene som: Asbjørn Hagen

Asbjørn Hagen
i rollene som
Anselmo/hest/spegelriddarsvein

i rollene som: Rønnaug Torheim

Rønnaug Torheim
i rollene som
Maria/Hushalderska til Alonso Quijana

i rollene som: Paul Jacob Helgesen

Paul Jacob Helgesen
i rollene som
Josè/spegelriddarsvein

i rolla som: Bård Stian Dalseth

Bård Stian Dalseth
i rolla som
Juan

i rollene som: Håvard Furnes

Håvard Furnes
i rollene som
Paco/spegelriddarsvein

i rolla som: Steffen Haugen

Steffen Haugen
i rolla som
Kaptein i Inkvisisjonen