Sildagapet

Kjøp billett

Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord Operahuset Nordfjord

Sildagapet

Sildeopera frå Måløy for heile familien

Les samandraget av operaen her: synopsis

 

Opera Nordfjord sitt tingingsverk Sildagapet - ein opera om havets sølv av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde handlar om det eventyrlege sildefisket i Måløy på 1950-talet. Brykkjete notbasar, Frelsesarmémøte, sjaulsi, ung kjærleik og Snurpedans i Turnhallen vert nokre av ingrediansane. Solistlaget er samansett av songarar med lokal og regional tilknyting og ein «gjestesolist» frå Nord-Norge.

Måndag 4. september møtest alle solistane til første gjennomsynging og påfølgjande regiprøver i hovudstaden dei neste to vekene, før alle kjem til Eid frå 17. september. Vi får eit hyggeleg gjensyn med sopranen Helga Botn, opprinneleg frå Volda, som sist vitja Opera Nordfjord i tittelrolla i Hertuginna av Chicago i 2008. Tenoren Eivind Kandal kjem frå frå Kandal i Gloppen og vart uteksaminert med mastergrad frå Operahøgskolen i København i vår. Han syng no ved Den Norske Opera & Ballett. Magne Fremmerlid frå Skodje på Sunnmøre har vore tilsett som fast solist ved nasjonaloperaen i ei årrekkje. Han var solist med Opera Nordfjord for første gong i Beethovens 9. Symfoni i 2015 og i Messa di Gloria av Puccini i mars i år. Mezzosopran Jeanette Ekornåsvåg Goldstein kjem frå Ålesund, men er busett i Oslo, der ho har base som frilanssongar. Det er første gong ho gjestar distriktsoperaen på Nordfjordeid og har tidlegare m.a. gjort hovudrolla i Carmen med Opera Sør i Kristiansand. Jonas Navarsete frå Sogndal har dei siste to åra studert klassisk song ved Norges Musikkhøgskole, men har bakgrunn frå både pop- og musikalsjangeren. Han har si første operarolle i Sildagapet. Nordlendingen Kristian Krokslett frå Salten gjorde rolla som Remendado i Carmen i Operahuset Nordfjord i 2009, no kjem han tilbake som kassesnikkar frå Gloppen. Øystein Skre er  frilanssongar og korist i Den Norske Opera & Ballett. Som austlending med kone frå Stryn, er Nordfjord-alibiet sikra. Martha Standal Pavelich frå Nordfjordeid er yngstemann på solistlaget og er elev ved Eid vidaregåande skule. Ho har vore med i operakoret i fleire år og hatt soloroller i musikalane The Sound of Music og Sweeney Todd.

Det kunstnariske teamet er samansett av regissør Ronald Rørvik, musikalsk leiar Michael Pavelich,  designarane Åse Hegrenes og Sunniva Bodvin, lysdesignar Ovar Holmen,  regiassistent og koreograf Toni Herlofson og maskør Kati Sjøgren.

Familieoperaen Sildagapet skildrar det yrande folkelivet i Måløy på midten av 1950-talet, då det eventyrlege sildefisket dobla folketalet i kystbyen. Historia er oppdikta, men librettist Jostein Avdem Fretland har lagt vekt på at dei historiske referansane skal bli så autentiske som mogleg. Dei som huskar Måløy frå etterkrigstida vil garantert kjenne seg igjen i mange av scenene frå hamna og Turnhallen i Måløy.

Operakoret og barnekoret er samansett av songarar frå Gloppen, Stryn, Volda, Vågsøy, Herøy og Eid og vert viktige bidragsytarar til eit fargerikt og høglytt folkemylder på scena! Operaen varer ca. 2t 20 min.

Medverkande

: Eivind Kandal

Eivind Kandal
Håkon

: Martha Standal Pavelich

Martha Standal Pavelich
Inga

: Jonas Nyløy Navarsete

Jonas Nyløy Navarsete
Guttorm

: Øystein Skre

Øystein Skre
Ragnar

: Jeanette Ekornåsvåg Goldstein

Jeanette Ekornåsvåg Goldstein
Tora

: Magne Fremmerlid

Magne Fremmerlid
Bjørn på Sanden

: Helga Botn

Helga Botn
Gunnhild

: Kristian Krokslett

Kristian Krokslett
Erling

Dirigent: Michael Pavelich

Michael Pavelich
Dirigent

Regissør: Ronald Rørvik

Ronald Rørvik
Regissør

Scenograf/Kostymedesign: Åse Hegrenes

Åse Hegrenes
Scenograf/Kostymedesign

Scenograf/Kostymedesign: Sunniva Bodvin

Sunniva Bodvin
Scenograf/Kostymedesign

Lysdesignar: Ovar Holmen

Ovar Holmen
Lysdesignar

Koreograf/Regiassistent: Toni Herlofson

Toni Herlofson
Koreograf/Regiassistent

Maskør: Kati Sjøgren

Kati Sjøgren
Maskør

Librettist: Jostein Avdem Fretland

Jostein Avdem Fretland
Librettist

Komponist: Helge Sunde

Helge Sunde
Komponist