Verdi's Requiem på turné Helga 12.-14. februar vert det turné i fylket med Verdi sitt storverk, Requiem for solistar, kor og orkester. Opera Nordfjord har drøymt om å setje opp dette verket i mange år, og med operahuset på plass er tida endeleg komen. Vi har fått med oss musikklinekoret frå Firda VGS, med i alt 70 elevar, som saman med vårt eige operakor og Ålesund Operakor skal lage storkoret på minimum 120-130 songarar. Den flotte solistkvartetten består av Birgitte Christensen, sopran, Siv Oda Hagerupsen, mezzosopran, den islandske tenoren Gardar Thor Cortes (frå Rigoletto i 2005) og bassen Runi Brattaberg frå Færøyene.
Birgitte Christensen (Foto: Erik Berg) Konsertstader vert: 12.02. kl. 20.00: Operahuset Nordfjord, Eid Billettar: www.operahuset.no
13.02. kl. 18.00: Trivselshagen, Gloppen Billettar: www.trivselshagen.no
14.02. kl. 16.00: Førdehuset, Førde Billettar: www.fordehuset.no
|
|
| Fotballopera med brasilianske rytmer |
Hovudproduksjonen hausten 2010 vert eit spennande tingingsverk av tekstforfattar Are Kalvø og komponist Helge Førde, "Norge-Brasil, ein opera". Operaen omhandlar den kjende VM-kampen frå 1998, då Noreg slo Brasil 2-1 og skildrar spelarane, trenarar, TV-kommentatorane og nokre einskild-menneske sine opplevingar medan denne kampen pågår. Operasjangeren er ny både for tekstforfattar og komponist, og vi ser fram til å iscenesetje dette spennande operaen saman med regissør Svein Sturla Hungnes, talentfulle solistar, profesjonelle dansarar, lokalt operakor og vårt profesjonelle operaorkester. Vi garanterer komiske innslag i fleng, innpakka i stor kjærleik til fotballsporten. Operaen vert ei gjenoppleving av dei mest spennande minutta i den historiske kampen og inneheld rikeleg med lidenskap og store kjensler, som både opera og fotball skal handle om!
Regissør: Svein Sturla Hungnes
Billettsalet har starta: www.operahuset.no
|