Årets
oppsetting av La Traviata av Guiseppe Verdi blei ein knallsuksess. I perioden 14.-24. oktober var det 6 førestillingar og alle var heilt utselde. 2100 billettar gjekk unna i rekordfart. Det er ikkje lenger tvil om at opera er noko som publikum også i vårt distrikt ønskjer seg - og kanskje spesielt på heimebane. Tilbakemeldingane om førestillingane har vore svært gode. Jølsterjenta Linda Øvrebø gjorde ein kjempeinnsats i hovedrolla som Violetta. Det kom nok som ei overrasking på mange at det er fostra eit slikt stortalent her i fylket. Linda likte seg godt på Nordfjordeid, ho fann seg godt til rette med dei andre solistane og ikkje minst det fantastiske gode orkesteret.
Det store dugnadsapparatet som er bygd opp kring aktiviteten til Opera Nordfjord fekk hundre prosent godkjent karakter. Dette gjeld alt frå billettlrer, brannvakter,ryddehjelper,kostymegjeng,sminke- og hårgjengen, dei som stod for serveringa til publikum og aktørar, kulisse-gjengen, rekvisita-ansvarleige og så bortetter.

Størst attraksjon var kanskje det fantastiske operakoret med vel tredve svært glade amatørar som har brukt ettervinteren på inspirerande øvingar med dirigent michael Pavlich. dei utviklar deg til høgder dei sjølv ikkje ante dei kunne nå, og dei mange timane med reising, venting og øving blei betalt i store musikkopplevingar i lag med orkester, solistar, dirigent og regissør.
Regissøren var denne gongen henta frå USA. Lorna Haywood fekk alle til å strekke seg ekstra langt, ho inspirerte heile laget i den perioden ho var her på Nordfjordeid.
Med andre ord; ei GLAD-HISTORIE frå distrikts-Norge.