Flaggermusen




Hausten 1997 lanserte musikkskulerektor Kari Standal Pavelich ideen om å etablere ein opera i Nordfjord. Det var ønske om å setje opp FLAGGERMUSEN av Johan Strauss d.y. hausten 1998.

 

Reaksjonane var mange og sterke. Ein rekna med eit budsjett på ca. 800.000 kroner. Svært mange var positive, og eit samrøystes kommunestyre løyvde kr. 150.000,- til oppsetjinga. Men det var sjølvsagt svært mange som var negative. Det dukka opp lesarinnlegg og leiaren i lokalavisa kalte prosjektet for FINKULTUR. Stemninga var ikkje god.

 

 

Det skal meir til enn dette for å stogge ei sunnmørsjente. Fru Standal Pavelich gav seg ikkje, og prosjektet blei gjennomført i oktober - omlag som planlagt. Prosjektet gjekk til og med med eit synlig overskot, og i løpet av 5 dagar fekk omlag 1800 mennesker ei fantastisk oppleving. Flaggermusen på Nordfjordeid var ei profesjonell førestilling med kun profesjonelle solistar, eit orkester med profesjonelle unnateke nokre få studentar frå distriktet, profesjonell regissør frå Den Norske Opera og hjelp frå profesjonelle lyd/lys, kostymer og scenografi. Ellers var apparatet lokalt og bestod av omlag 70 glade amatørar inkludert eit fantastisk operakor og flotte dansarar frå Gloppen.

 

No er Opera Nordfjord etablert som ei stifting med eit stiftingsstyre som består av personar frå heile Nordfjord. Organisasjonen Operaens Venner er også etablert, og denne skal bistå Opera Nordfjord og arbeide med operainteressa i Nordfjord. Ellers vil det dukke opp ei prosjektgruppe til kvar førestilling. Neste førestilling er La Traviata som skal ha premiere i oktober 1999. Det er snart duka for ny operafeber i Nordfjord.

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »