Operagalla 2002

 

 

På premieredagen for ”Elskovsdrikken” 12. oktober 2001 fekk Opera Nordfjord gladmeldinga frå kulturdepartementet om at vi hadde fått ei dobling av tilskotet på statsbudsjettet for 2002. I glede over denne auken bestemte styret at vi skulle auke aktiviteten for 2002 gjennom ein operagallaturne til dei tre regionane i fylket. Vi ønskte å ”dele” med innbyggjarane i resten av fylket og spreie operaglede til nye publikummarar. Turneen vart ein stor kunstnarisk suksess, med ein konsert i Sogndal 12. april, to i Førde 13. april  og ein på Nordfjordeid 14. april.

 

 

 

Opera Nordfjord hadde inngått eit samarbeid med musikklinekoret på Firda Vidaregåande Skule i Gloppen, der operagallaturneen var deira vårprosjekt. Med felles dirigent både for Opera Nordfjord og musikklinekoret, Michael Pavelich, var dette greit å leggje til rette reint praktisk, med øving i skuletida. I tillegg til skulekoret hadde vi med oss ca. 25 av songarane frå operakoret vårt, som hadde eigne øvingar med Michael på kveldstid. Totalt hadde vi eit kor på 90 songarar.

Turneen vart ei stor oppleving for koret, og for dei fleste av elevane var dette det første møtet både med klassisk musikk og opera.

 

 

 

Solistane var Kari Postma, sopran, Rick Fracker, tenor og Thorbjørn Gulbrandsøy, baryton.
Postma bur i København, der ho studerer song og arbeider som frilansar. Gulbrandsøy er nett utdanna frå Griegakademiet i Bergen , og Fracker bur i USA, der han har sunge ved Metropolitan Opera i 8 sesongar.

 

Orkesteret var samansett av 35 musikarar frå fylket/distriktet og nokre få frå frilansmarknaden elles. Musikalsk leiing var ved Michael Pavelich, som og hadde oppgåva som konferansier.

 

Tilbakemeldingane frå publikum var over all forventning, men diverre fekk vi likevel eit underskot på ca. kr. 140.000. Dette skuldast både lågare billettinntekter enn forventa og uforutsette utgifter i samband med reising og diett. No har vi erfaringstal å arbeide utifrå, slik at ein evt. ny turne vert lettare å budsjettere.

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »