Figaros Bryllup

 

I september og oktober vart det lagt ned utallige dugnadstimar for å få "Figaros Bryllup" sceneklar. I slutten av september var regissør Jay Lesenger, kunstnarisk leiar ved Chautauqua Opera i USA, på plass, saman med følgjande solistar: Adele Eikenes, Grevinna, Kristian Anderssen, Greven, Linda Øvrebø, Susanna, Espen Langvik, Figaro, Siv Oda Hagerupsen, Cherubino, Anders Vangen, Bartolo, Turid Røen Kroknes, Marcellina, Are-Frode Søholt, Don Basilio og Don Curzio, Ann-Margrit Bjørnsen, Barbarina, og Alf Vatne, Antonio.

 

Orkesteret var samansett av distriktsmusikarar, frilasmusikarar og musikklærarar frå fylket og distriktet og frå frilansmarknaden elles. Michael Pavelich hadde den musikalske leiinga både for orkesteret og alle forestillingane.

 

Koret besto av 18 koristar, der 5 av 10 damer var jenter i 15-18-årsalderen frå Firda v.g. skule. Her har operagallaen hatt sin tydelege misjon i å rekruttere nye koristar for operakoret! Kormeister Michael Pavelich hadde ansvar for korinnstudering, og koret gjorde ein flott innsats både musikalsk og som dyktige skodespelarar på scena.

 

Kostymegruppa hadde si første arbeidshelg allereie i juni, rett etter at kostymesjef Anne Gotaas og Kari Standal Pavelich hadde vore på kostymesal i Stockholmsoperaen. Her gjorde dei eit kupp, og fekk kjøpe ca. 50 flott kostymer svært rimeleg. Med flotte og fargerike 1770-tals herrekostymer frå Stockholm som utgangspunkt, designet Anne Gotaas nydelege damekostyme, som i løpet av sommaren og hausten vart sydde av frivillige hender på Nordfjordeid.

 

Som leiar for arbeidet på scena hadde vi engasjert Peter Harrison frå New York. Han hadde og scenografien på "La Boheme" i 2000, men den gongen var det via faks, telefon og e-post. Denne gongen hadde vi gleda av å få arbeide saman med han på Nordfjordeid. Harrison laga eit flott design for vår Figaro-produksjon, og det er utan tvil det mest avanserte vi har gjort scenemessig i vår 5-årige historie. Vi ser tydeleg at scenearbeidarane våre har tileigna seg mykje kompetanse desse åra, og at dugnadsarbeidet i kulissegruppa fungerer framifrå.

 

Lysmeister Svein Roald Knudsen frå Operaen i Kristiansund hadde ansvar for lysdesign for femte gang. Vi har hatt ein svært stabil stab i lysgruppa frå starten i 1998, noko som gjev god kontinuitet og stor grad av sjølvstende i arbeidet.

Kati Sjøgren leia arbeidet med sminke og hår/parykkar, og også i denne gruppa, som har til dels svært unge medarbeidarar, kan vi sjå ei fantastisk utvikling, der våre frivillige har tileigna seg kompetanse på høgt nivå. Dette er eit godt døme på korleis det tette samarbeidet mellom profesjonelle fagfolk og dyktige frivillige gjev svært tilfredsstillande resultat.

 

Rekvisitøren vår greidde, utan å bruke ei krone, å trylle fram lekre detaljar på scena. Rekvisittane var lånte frå nordfjordske heimar og representerer den "passive" dugnadsinnsatsen i arbeidet vårt.

 

Som sjølve hjartet i det sosiale miljøet rundt operaproduksjonen på hausten finn vi dei som har ansvar for matservering i prøve- og forestillingsperioden. På "kjøkkenet" vert vi kjende med kvarandre på tvers av alder, bakgrunn, kjønn, bygdegrenser, yrke, profesjonell eller amatør.

 

 

 

Elles var det mange frivillige som hjelpte til med alle slags oppgåver for å leggje alt til rette for at operaproduksjonen skulle gå smertefritt, både for medverkande og for publikum. Eit evalueringsmøte som konkluderte med at alle gruppeleiarane går på eit nytt år med stor glede og iver saman med sine frivillige, er den beste gåva leiinga i Opera Nordfjord kan få i planlegginga av ny hovudproduksjon i 2003.

 

Dei 8 forestillingane gjekk for fulle hus, og Figaros Bryllup går inn i historia som ein stor kustnarisk og publikumsmessig suksess!

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »