Tosca




Opera Nordfjord kan sjå tilbake på 6 år samanhengande operahistorie, med årets oppsetting, ”Tosca” av Puccini, som den 6. og hittil ”tyngste”  produksjonen. Vi er sjølvsagt stolte over dei føregåande produksjonane, med ei stigande kurve når det gjeld kvalitet på scenografi, kostyme, sminkedesign og lyssetting, men kunstnarisk er nok Tosca den mest krevjande oppsettinga vi har hatt hittil. For første gong hadde vi to solistar som delte ei hovudrolle, då det ikkje var mogleg å finne ei Tosca som kunne syngje alle dei  8 forestillingane. Det vart Liv Kjersti Sandve og Helga Botn, som  tolka den store tittelrolla, kvar på sin eigen, framifrå måte. Richard Fracker, som tolka Mario Cavaradossi, syng regelmessig ved The Metropolitan Opera i New York. Ein tek nok ikkje for sterkt i når ein hevdar at det er år mellom kvar gong ein høyrer tenorar av det kaliberet i Norge; kveld etter kveld bergtok han publikum med si stemmeprakt i det høge registeret! Knut Jørgen Moe gjorde ei framifrå og svært truverdig rolle som Scarpia, ei rolle han faktisk debuterte i for oss! Dei fire solistane utgjorde eit fantastisk team, som vi er stolte og glade over å ha hatt i operafelleskapen vår.

 

Regissør og scenograf Ronald Rørvik hadde og sin debut med ”Tosca”, og med sin kreativitet og entusiasme skapte han ei forestilling det vil gå gjetord om i mange år. Til og med borna og ungdomane, som var til stades på generalprøven, vart bergtekne av spenninga i handlinga. Kommentarane som gjekk igjen frå publikum, var retta både mot  regien på scena, det fantastiske scenebiletet i dei tre forskjellige aktene, dei solistiske prestasjonane, koret og sist, men ikkje minst, orkesteret, som kanskje har levert si mest imponerande bragd til no, under sin musikalske leiar, Michael Pavelich. Det er og all grunn til å nemne den dyktige inspisienten vår, Karen Løken, som hadde full kontroll under heile innøvingsperioden og kvar forestillingskveld, og som i praksis ”køyrde” kvar forestilling saman med maestro Pavelich.

 

Scenebiletet (R. Rørvik) kostymene (Anne Gotaas), lyssetting (Svein Roald Knudsen), sminke og hår (Kati Sjøgren) – alt det som er synleg på scena – vert produsert og gjennomført av frivillige medarbeidarar, under leiing av sine profesjonelle designarar. Denne heldige kombinasjonen av profesjonell leiing og svært høg kvalitet på arbeidet som vert utført av dei frivillige, er framleis grunnmuren i produksjonane våre. I tillegg må nemnast trufaste kormedlemmar frå heile Nordfjord og dei mindre synlege bak scena, i kaffikomite og ryddegjeng. Ei av dei viktigast oppgåvene våre i Opera Nordfjord er å ta godt vare på og verne om dei frivillige, slik at dei skal ønskje å vere med år etter år, gjerne med eit pauseår innimellom, slik at lysta til å gå på igjen vert fornya.

 

Rekneskapen for Tosca er i skrivande stund ikkje avslutta, men det ser ut til at vi skal greie å gå i balanse. Vi har vore strenge på økonomistyring der det har vore mogleg. Når produksjonen er i gong og vi treng maling til scena, kjøper vi sjølvsagt denne, sjølv om budsjettet er brukt opp; slike overskridingar toler vi. Dersom publikum sviktar, har vi eit mykje større problem. Billettsalet til Tosca er vi rimeleg nøgde med; med eit belegg på ca. 85 % kan vi ikkje klage. Likevel er vi sjølvsagt ikke glade for at vi hadde ca. 50 tomme stolar på 4 av forestillingane, sjølv etter at avisene hadde skrive med stor begeistring etter premieren. Det sit nok litt lenger inne enn vi ønskjer å innrømme, at ein seriøs opera ikkje selger like godt som ei lett fordøyeleg operette. Dette vert ei utfordring for oss å ta med i åra framover. Vi skal både kile i øyra og røre ved hjarta. Oppdragarrolla skal vi ta på alvor; det er ikkje publikum som avgjer kva for produksjonar vi skal satse på, for dei veit ikkje alltid sitt eige beste. Men av og til - som året etter at alle hovudrollene har dødd i Tosca, og vi har grått våre modige tårer for den vakre, men ulukkelege kjærleiken mellom Tosca og Cavaradossi og vi har rast i sinne over den ekle, grusomme Scarpia,- då er det kjekt å invitere til stor fest med tull og tøys og tant og fjas med ”Den Glade Enke” – for det treng vi og, i alle fall kvart 6. år!

 

Desember 2003

Kari Standal Pavelich
-operasjef-

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »