Den Glade Enke

 

Komponisten Franz Lehar (1870 – 1948)


Franz Lehar vart fødd i Komaron (i dag ein del  av Slovakia) 30. april 1870 som den eldste sonen til ein korpsdirigent i den Østerriksk-Ungarske armeen. Gjennom barndomen flytta familien frå post til post, men oppveksten var alltid fylt med musikk. 15 år gammal vart han musikkstudent ved konservatoriet i Praha, der han studerte fiolin og komposisjon. Sjølvaste Dvorak var ein av læremeistarane, og han kom med ei klar oppmoding til den unge Lehar : ”Heng opp fela, guten min, og skriv musikk!”

Etter studiane i Praha var han ein periode tilsett i militærkorpset hos far sin. Her fekk han god erfaring som orkesterleiar med 110 musikarar under seg, og han  fekk høve til å perfeksjonere orkesterteknikkane vidare. Våren 1902 vart han tilsett som dirigent for ”Theater an der Wien” i Wien.  Hans første opera ”Wiener Frauen” vart komponert her i november 1902, og etter den tid budde han i Wien og brukte all si tid på komponistgjerninga. I tillegg til opera og operettar komponerte Lehar sonater, symfoniske dikt, marsjar og dansar.

 

Den Glade Enke

Den Glade Enke var den største suksessen av Lehar sine komposisjonar, og den hadde premiere ved ”Theater an der Wien” 30. desember 1905. Operetten vart umiddelbart ein stor suksess, som raskt spreidde seg gjennom Europa, Amerika og resten av verda. I snart 100 år har Den Glade Enke vore spelt overalt, til stor glede for eit begeistra publikum. I Wien hadde den over 5000 forestillingar, og på eit tidspunkt vart den spelt på 5 forskjellige språk i 5 forskjellige teater, alle i Buenos Aires!

 

Akt I
Handlinga finn  stad i den Pontevedrinske Ambassade i Paris 1905. Baron Mirko Zeta leiar gjestane sine inn til ein skål for den Pontevedrinske ”Chief of state in absentia”. I mellomtida snakkar Valencienne, Zeta si unge kone, svært privat med Camille de Rosillion, ein ung attache, som ho tidlegare har hatt eit romantisk forhold til. Uvitande om dette: Zeta er svært bekymra for at Hanna Glawari – enka etter den mest velståande mannen i Pontevedria – skal gifte seg med ein utlending medan ho er i Paris. Det vil bety økonomisk ruin for den vesle staten Pontevedria. Camille og Valencienne flørtar stadig med kvarandre, men Valencienne minner han om at ho er ei ”respektabel hustru”. Etter at gjestane forlet selskapet, ønskjer Zeta den temperamentsfulle Hanna velkomen. Ho er heilt klar over Zeta si interesse for pengane hennar, og ho forsikrar han om at ho framleis er ein pontevedrinar i hjartet sitt. Fleire menn seier at dei har falle for hennar sjarm; ho leiar dei inn i det neste rommet for vidare feiring av festen. Den neste som kjem til festen er Grev Danilo Danilovitsch, som seier at etter ein lang dag med hardt arbeid for landet sitt, er det ingenting som er som ein kveld på Maxim’s. Når han ser Hanna, er det tydeleg at han kjenner henne frå før. Det viser deg at Hanna og Danilo ein gang var kjærastar, men at onkelen til Danilo ikkje godkjende forholdet. No sverger Danilo at dersom å seie ”Eg elskar deg” til Hanna for henne betyr ”Eg elskar pengane dine”, så skal han aldri komme med ei slik erklæring. Zeta, som har sett dei saman, seier til Danilo at det er hans patriotiske plikt å gifte seg med Hanna. Sidan ho er omkransa av beilarar på alle kantar, er faren for ekteskep med ein utlending overhengande. ”Damene sin dans” blir annonsert, og både Cascada og St. Brioche vonar at Hanna skal spørje dei om ein dans. Hanna byr opp Danilo, som først seier at han ikkje kan å danse; deretter tilbyr han 10,000 franc, som skal gå til eit veldedig føremål, til hennar dansepartnar, for å få danse med henne. Når dei andre mennene høyrer så mykje pengar vert nemnd, forsvinn dei raskt. Åleine med Hanna, byr Danilo henne opp, men ho nektar å danse, så han dansar åleine.

 

Akt II
Om kvelden neste dag er gjestane samla på Hanna sitt gods, der ho har lova dei ein ekte, pontevedrinsk fest. Ho avbryt  folkedansen for å syngje ein ballade om Vilja, ei skognymfe, som forelskar seg i ein mann. Når ho fortel Zeta at ho har importert dansarar, som skal underhalde Danilo som om det var en cabaret på Maxim’s, får Zeta nytt håp: Hanna ser ut til å vere interessert i Danilo.  Zeta ber sjåføren sin, Njegus, og Danilo om å møte han i paviljongen kl. 20. Saman med nokre menn frå selskapet pratar dei muntert om kor vanskeleg det er å forstå seg på kvinner. Hanna testar Danilo si interesse for henne ved å spørje om ho burde vere fri til å gifte seg med den ho vil. Dei forlet staden, og Valencienne og Camille er igjen åleine. Ho har bestemt seg for å bryte forholdet og vil prøve å få Camille til å fri til Hanna. Camille spør kvifor blomen frå deira romanse må bleikne så fort. Ho svarar at ein kveld er framleis igjen før dei må skiljast, og den vil dei tilbringe i paviljongen. Når Zeta kjem for å møte Njegus og Danilo, klarer Njegus å redde Valencienne ut bakdøra på paviljongen. Zeta meiner at han så kona si der; i mellomtida har Hanna teke Valencienne sin plass – til irritasjon for den sjalu Danilo, som trur at det er ein romanse på gang mellom Hanna og Camille. For å gjennomføre spøken, erklærer Camille sin kjærleik for Hanna, og Valencienne er sjokkert over sviket. Hanna nyter spøken og annonserer si truloving med Camille. Danilo spelar likesæl og seier at ekteskep er ei privatsak og ikkje gjenstand for diplomatisk innblanding, men når raseriet tek over, resiterer han ein fabel om ei prinsesse som vart ruinert då ho sveik elskaren sin. Så går han mot Maxim’s for å gløyme…

 

Akt III
Seinare, den same kvelden, har Njegus gjort om Hanna sin festsal til ein tro kopi av Maxim’s, komplett med sparkepiker, inklusive Valencienne. Då Danilo kjem, godtek han illusjonen og vert helsa av jentene. Han mottek eit telegram, som stadfestar at Pontevedria er så godt som konkurs. Danilo gjev etter for den patriotiske plikta og annonserer offisielt at han forbyr ekteskapen mellom Hanna og Camille. Han får så vite, til si store glede, at Hanna aldri hadde tenkt å gifte seg med Camille. Danilo erklærer sin kjærleik til Hanna og dansar med henne. I mellomtiden har Zeta funnet ut at det virkelig var Valencienne som var i paviljongn. Han seier at han vil skilje seg frå henne og gifte seg med Hanna. Hanna minner om at i testamentet frå sin avdøde mann står det at ho misser arven, dersom ho giftar seg igjen. Danilo er letta over dette og ber Hanna om å gifte seg med han. Hanna legg då til at ho misser arven fordi den går vidare til den nye mannen! Med latter godtek Danilo sin skjebne og reddar samstundes skattane til landet sitt. Valencienne, som står ved sida av Zeta, har blitt tilgjeve p.g.a. inskripsjonen i vifta han fann i paviljongen: ”Eg er ei respektabel frue”. Festen endar med ei frydefull lovprising av kvinna!

Oversett frå ”Opera News” til nynorsk v. Kari Standal Pavelich

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »