Opera Workshop 2007

 

Nordfjord International Opera Workshop vart arrangert for andre gang på Nordfjordeid i perioden 30.06.-08.07. 2007 med Elizabeth Norberg-Schulz som hovudlærar og kunstnarisk ansvarleg. Vi hadde 14 deltakarar frå 6 forskjellige land; 13 songarar og ein pianist. I tillegg til Norberg-Schulz, som underviser i song, hadde vi engasjert pianisten Sergio Oliva frå operaen i Roma, som underviste i vokal- og piano coaching og Olaf Eggestad som repetitør.

 

I løpet av kursdagane fekk deltakarane dagleg undervisning med begge lærarane, med 2 x 3 t undervisningsøkter kvar dag.

 

Vi arrangerte tre konsertar i løpet av kurset:

 

Meisterkonsert i Eid Kyrkje 3. juli med Elizabeth Norberg-Schulz, pianistane  Sergio Oliva, Olaf Eggestad og Sonomi Harada og fem av song-studentane

 

Intimkonsert 4. juli på Hotell Alexandra i Loen med alle deltakarane

 

Operagallakonsert 7. juli i Eid Kyrkje med alle deltakarane

 

Vi ser at det er eit stort behov for denne type kurs i Norge og er svært nøgde med å ha knytt til oss framifrå lærekrefter frå det internasjonale operamiljøet. Hovudfokus er på Bel Canto- teknikk og –interpretasjon og –repertoar.

 

Opera Nordfjord er svært nøgd både med gjennomføring av kurset og mottaking av kurset blant kursdeltakarar, lærarar og publikum. Det er eit viktig undervisningstilbod til songarar og pianistar, og det utgjer eit flott kulturtilbod til både lokalt publikum og tilreisande turistar.

 

Styret ønskjer å vidareutvikle kurset og satsar på å halde årlege kurs i åra framover. Ei veke, som i 2007, var kanskje i knappaste laget, så med to veker det første året vil vi for 2008 legge opp til eit kompromiss med 10-dagars kurslengd.

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »