Hovedproduksjon: Jegerbruden

 

Opera Nordfjord sin hovudproduksjon i 2007 var den tyske operaen ”Jegerbruden” av Carl Maria von Weber, med premiere 10.oktober og øvrige forestillingar 12.10., 13.10., 15.10., 17.10., 18.10., 20.10. og 21.10. Denne operaen er svært sjeldan oppsett her i Norge; Den Norske Opera har aldri sett den opp, medan både Operaen i Kristiansund og Ringsakeroperaen sette den opp  på 1970- og 1980-talet. Det er ein tradisjonell ”jegeropera” med element frå hjortejakt både i scenografi, rekvisittar og musikalske tema.

 

Regissør og scenograf var Jiri Nagy frå Tsekkia, busett i Ørsta på Sunnmøre. Vi hadde eit framifrå samarbeid på alle område med ein svært dyktig, hyggelig, fleksibel og inkluderande regissør, som skapte ein svært god atmosfære under heile prøveperioden. Regiassistent og inspisient var Karen Løken, som til alle tider hadde full kontroll på alt og alle!

 

På rollelista hadde vi følgjande solistar: Cecilia Linwall (Agathe), sopran, Vibeke Kristensen (Ânnchen), sopran, Jan-Erik Fillan (Max), tenor, Trond Gudevold (Kaspar), bass/baryton, Anders Vangen (Kuno), bass, Kristian Anderssen (Ottokar/Killian), baryton og Knut Stiklestad (Eremitten), bass.

 

Profesjonelle designarar utgjer ein viktig del av staben vår, og med Anne Gotaas som kostymeansvarleg, Svein Roald Knudsen som lysdesignar og Kati Sjøgren som maskør var våre frivillige medarbeidarar i samtlege arbeidsgrupper i svært trygge hender. Ein spesiell ros til rekvisitør Sigrunn Leivdal, som igjen skapte gull av gråstein og hadde åleine-ansvar for alle rekvisittar!

 

Operakoret var samansett av lokale amatørsongarar frå heile Nordfjordregionen, m.a. Stryn, Gloppen, Vågsøy og Eid. Svært gledeleg var det at fleire unge jenter i alderen 14-18 år var med i koret og med det legg grunnlaget for god rekruttering i åra framover.

 

Operaorkesteret, dirigert av Michael Pavelich, besto som vanleg av distriktsmusikarar, musikklærarar og unge musikktalent frå vårt distrikt, samt frilansmusikarar frå frilansmarknaden elles.

 

For tredje år på rad hadde Opera Nordfjord eit godt og svært vellukka samarbeid med Eid Vidaregåande Skule, avdeling Interiør og Utstillingsdesign om produksjon av kulissar og rekvisittar. Scenograf Nagy hadde allereie i slutten av april ferdige arbeidsteikningar, noko som letta arbeidet i og med tidleg planlegging og sikra god arbeidsfordeling mellom skulen og det øvrige dugnadsapparatet. Scenografien var svært omfattande, med  bygging av store element/plattformar og all dekor, men elevar,  lærarar og frivillige løyste oppgåva på ein utmerkt måte.

 

Nytt av året var at vi tok i bruk multi-media-teknikkar for å få nye, scenografiske løysingar. Ein videoprojektor i taket sytte for spennande effektar på scena gjennom bilet- og videoopptak, som vart projisert på store, kvite stoff-flater. Såleis fekk ein fram dei overnaturlege og ”magiske” elementa, som er så viktige i nettopp denne operaen.

 

Kostymene vart innkjøpte frå Teatret i Brno, Tsjekkia, av regissøren, og med god hjelp av kostymeansvarleg Anne Gotaas og nokre nye kostyme og ein del ekstra detaljar vart det ein flott kostymeproduksjon!

 

”Jegerbruden” vart godt motteken av publikum, og spesielt vart den spennande scenografien kommentert av fleire publikummarar. Besøkstalet var ikkje 100% tilfreedsstillande, men med om lag  2600 selde billettar av totalt 2800 sikrar det eit publikumsbelegg på ca. 92%. Det får vi vel vere nøgde med!

 

På grunn av eit betydeleg underskot på hovudproduksjonen i 2006 var styret i Opera Nordfjord særleg oppteken av streng økonomistyring i 2007 for å tene inn igjen underskotet. Med eit mindre underskot på operaggallaturnéen i mars og ein opera workshop omtrent i balanse var det gode nyheiter at totalrekneskapen for 2007 syner eit overskot på ca. 205.000 kr!

 

Konklusjon
Det er første gong Opera Nordfjord har tre produksjonar på eit år, og vi er stolte over å ha gjennomført både operagallaturné med Elizabeth Norberg-Schulz og Luca Canonici med tre konsertar i mars, Opera Workshop i juni-juli med Elizabeth Norberg-Schulz og Sergio Oliva og full produksjon av Jegerbruden i oktober med eit betydeleg overskot som resultat. Med lovnad om ein vesentleg auke både frå stat, fylke og kommune for 2008 skulle tilhøva ligge godt til rette for tilnærma heilårsaktivitet med rom for nye aktivitetar i åra som kjem.

 

 
Aktuelt
Operakoret treng fleire songarar

04.06.2010

Operakoret søkjer etter fleire tenorar og altar. Ta kontakt snarast med Kari Standal Pavelic..

Les meir »
Norge-Brasil, ein opera

20.05.2010

Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår ti..

Les meir »
Norge-Brasil, billettsalet har starta!

12.05.2010

Framsyninga Norge-Brasil startar 5. oktober. Billettar i sal no.   Billettar får du kj..

Les meir »