– operette av Emmerich Kálmán
Val av repertoar for hovudproduksjonen i 2008 vart gjort på bakgrunn av eit søk på internett eit par år tidlegare. Michael Pavelich søkte etter ukjende operetter, og kom over eit lydklipp av ”Die Herzogin von Chicago” av Emmerich Kálmán. Stykket vekte interesse, og etter ein presentasjon av stykket for styret, vart det etter kvart bestemt at vi skulle arbeide mot ei oppsetting hausten 2008. Weinberger i London vart kontakta, og Opera Nordfjord fekk løyve til å setje opp stykket for første gong i Norden. Kari Standal Pavelich omsette operetten med både dialog og songtekstar til nynorsk, med Knut Jørgen Moe som konsulent, og det var knytt stor spenning til korleis stykket ville bli motteke av publikum. Operetten vart ein av dei største publikum-suksessane i Opera Nordfjord si unge historie, kun forbigått av Den Glade Enke i 2004 i antal selde billettar.
Regissør var Knut Jørgen Moe, og han laga ei flott og underhaldande forestilling. Alle rolleinnehavarane hadde stor suksess i sine respektive roller. Helga Botn gjorde rolla som den bortskjemde rikmannsdottera Miss Mary Lloyd, Knut Magnus Sandve tolka rolla som Prins Sandor av Sylvaria, Trine Øien gjorde den sjarmerande Prinsesse Rosemarie, medan Anders Vangen fekk fantastisk respons på si tolking av verdsmannen Mr. Bondy. I dei andre rollene møtte vi regissør Knut Jørgen Moe som pølsekongen Benjamin Lloyd, Are Frode Søholt som Perolin, Bjørn Gisle Seter som Bojazzowitsj, Øystein Salhus som den felespelande sigøynaren Mihaly og den lokale Alf Reidar Myrstad som den eksentriske klubb-eigaren Tihanyi. I tillegg vart fleire lokale talent nytta til mindre roller.
Michael Pavelich er kunstnarisk leiar i Opera Nordfjord og hadde ansvaret både for korinnstudering og den musikalske leiinga, som dirigent for i alt 8 forestillingar.
Koret var samansett av songarar frå heile Nordfjord og omegn, med representantar frå Stryn, Måløy, Vanylven og Eid, tilsaman 32 koristar.
For første gong engasjerte Opera Nordfjord profesjonelle dansarar, og alle er heimehøyrande i Nordfjord. Dei løfta produksjonen med sin profesjonalitet, og koreograf Candice Bredesen gjorde ein flott innsats både med dei profesjonelle dansarane og amatørane i koret.
Med den verdskjende pianisten Morten Gunnar Larsen i orkesteret fekk forestillinga ein ekstra dimensjon, då han hadde ei eiga solo-avdeling som ein del av handlinga. Dette innslaget skapte spesielt stor begeistring kveld etter kveld.
Orkesteret var samansett av stammen av profesjonelle orkestermusikarar i fylket vårt og omkringliggjande distrikt, med ”gjestar” frå Ålesund, Ørsta, Volda og frilansmarknaden elles.
Øvrige profesjonelle designarar var scenograf Pål Dixon Sandberg, kostymedesignar Anne Gotaas, maskør Per Ragnar Karlsen og lysmeister Svein Roald Knudsen, som alle gjorde ein framifrå innsats på sine arbeidsfelt for å lage ei glitrande og underhaldande forestilling.
Oppsummering
Opera på Eid om hausten er like visst for våre innbyggjarar som at hjortejakta tek til. Når haustmørkret set inn, er operaen i full sving med øvingar og førebuingar. Forestillingane på Eid dreg publikum til Nordfjord frå heile landet, sjølv om eige fylke og Sunnmøre sjølvsagt er ekstra godt representert både blant publikum og tilreisande hotellgjestar. Vi ser fram til ei ny tid i vår nye ”heim”, Operahuset Nordfjord, og vil halde fram med å gje vårt publikum stadig nye og spennande opplevingar. Vi tek oppdragar-rolla på alvor og ønskjer å ta ansvar for å få operakunsten ut til folket, både gjennom den fantastiske operalitteraturen som allereie eksisterer og gjennom spennande ny-produksjonar. 2009 peiker såleis mot nyskaping og nytenking, med verdspremiere til operahusopninga i april, Carmen i oktober og ferdigstilling av ein ny, norsk opera, som skal ha urpremiere i 2010!
Leiinga i Opera Nordfjord takkar alle våre støttespelarar og bidragsytarar for all god og nødvendig støtte: Kulturdepartementet, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Eid Kommune, Norsk Kulturråd, hovudsponsorane Sparebanken Vest og Sogn og Fjordane Energi, det øvrige sponsorapparatet og, ikkje minst: alle frivillige medarbeidarar, som legg ned tusenvis av gratis arbeidstmar i operaen si teneste. Utan alle desse aktørane er Opera Nordfjord si etablering, vekst og suksess utenkjeleg! Vi ser fram til mange gode samarbeidsår i nær og fjern framtid i evig jakt på gode operaopplevingar, som skal bevege og begeistre vårt publikum!