Opera har alltid vore dei store og sterke kjenslene sin arena. Men kva anna er det i vår tid som kan sette i gong raseri, glede, tragedie og ekstase? Jau – fotball!
Derfor valde Are Kalvø og Helge Førde ikkje berre å skrive ein opera om fotball, men om ein bestemt fotballkamp: Norge – Brasil under VM 1998 i Marseille. Då Kjetil Rekdal skåra på straffespark og Norge vann, kunne ein sikkert høyre eit rungande brøl over heile landet. Folk dansa på Karl Johan og politiet måtte be ein person som hadde klatra opp i ei flaggstong om å kome ned. Han kunne ikkje gjere greie for kvifor han hadde klatra opp i flaggstonga – mest sannsynleg var det i pur glede.